Korteist Bymanøver lørdag 24. oktober 2020.

Når man ikkje kan samles i stor flokk i pandemien sitt år går man for kreative løysinger og har Bymanøveren lokalt, der speiderene er.

Rollandspeideren sitt vante samlingspunkt, Åsane Kirke, vart kreativt omgjort til ei løype einkvar Bymanøver verdig. Oppmøtet var som forventet mindre enn vanlig, men det var likevel nok til stades for ei fullverdig gjennomføring. Me deltok med åtte Vandrare og syv småspeidare, fordelt på to patruljer i kvar aldersgruppe. I tillegge hjalp tre speidarledarar og fire dyktige foreldrar til.

Årets gudstjeneste var via livestream, og etter den teknologiske oppvisninga var det rett ut i den kalde, men enn så lenge regnfri Åsanelufta. Årets oppgåver var som følger, i korte drag:

  1. Tenn eit bål, lag popcorn, svar på oppgåver om bål og brenn eit tau over bålet. Popcornet smakte godt, selv om det fort ble brent!
  2. Lag ei bru av spaghetti og tape som er sterk nok til å bære eit eple eller ein taperull. På slutten måtte nokre spaghettistrimler gi tapt for sultne speidermager.
  3. Diverse knuteoppgåver, blandt anna med speidere bundet fast i endane. Det gikk fort krøll, men pågangsmotet var det ingenting å sei på!
  4. Spot something wild! Ta auga og kunnskapen med deg og fortell så mange ville dyrearter og vekster du kan sjå! Mykje artig gøymde seg under steiner, og det var usikkert om det var ein furu i det fjerne. Men bjørk fann dei! Hunden til fotografen telte dessverre ikkje. Lov å prøve seg.
  5. Bygg eit båt! Vel, Noah sin Ark var det ikkje, men av papir og tape. Og eple skulle den bære med seg.
  6. Førstehjelpskunnskapsmaraton. Her har vi livreddere på plass, og godt er det!

Regnet kom ikkje før vi alle var ferdige, humøret var godt på plass heile veien gjennom og vi takker for ein godt gjennomført Bymanøver!

Bymanøveren er og en konkurranse mellom dei deltagende patruljane. I år blei det delt førsteplass for den eine Vandrarpatruljen, og midt på tabellen for småspeidarane. Restultetlisen kan leses på denne lenken.

Skrevet av Kristian Sagosen og Johannes Vea